torsdag 10. oktober 2013

Ny heimeside med blogg

Det har vore veeeeeeldig stille på bloggen den siste tida, noko som skuldast at vi har jobba med vår nye heimeside. Der vil de frå no av finne alle våre nye blogg-innlegg, noko som medfører at denne bloggen nok vert avslutta (men vi tek den ikkje vekk fordi, så det er berre å bla i gamle innlegg om de vil!).

Vi håpar alle som følgjer oss og som har bokmerka oss blir med på flyttelasset. Frå no av blir vi å finne på www.reiakvam.no.

Vi sjåast der!

lørdag 24. august 2013

Lita tulle

Dei siste vekene har vi vore travelt opptatt med konfirmantfotograferingar, takkekortproduksjon og klargjering av bryllaupsalbum til våre mange fine brudepar frå i sommar. Det er likevel ei type fotografering vi alltid prioriterer, og det er nyfødtfotograferingar. Dagane går fort og plutseleg er den vesle nye verdsborgaren fleire månader allereie. Vi anbefalar at nyfødtfotograferingar blir tatt medan barnet er om lag 7-12 dagar, sidan dei då framleis har dei nyfødte trekka sine og er søvnige og gode.

Isabell var 3 veker då ho var hos meg, og var dermed litt eldre enn det som er vanleg. Nyfødt kan vi vel likevel kalle ho, for 3 veker er då ingen alder! Likevel syns eg å merke at ho på den ekstra veka si har hatt ei bratt læringskurve. Ho klarte mellom anna å halde hodet sitt oppe ganske lenge, og lungene var det heller ingenting i vegen med ;) Litt meir vaken var ho nok også, men etter nokre rundar med mating og byssing sovna ho omsider...ei lita stund. Det var likevel nok, og vi fekk tatt nokre fine sovebilder av den søte lille.

Takk for besøket!

Beste helsing
Dagrun










fredag 9. august 2013

Når "eg" blir til "vi"

Av og til så er eg så heldig at eg får lov å både fotografere og vere gjest i bryllaup til gode venner. Etter 10 års samliv gifta Anna Cecilie og Roger seg med bulder og brak laurdag for ei veke sidan på Ålhus i Jølster. Vi hadde fullt program med kyrkje, fotografering, middag og fest til langt på natt.

Eg må innrømme at eg blir endå meir stressa når eg skal fotografere venner, for eg vil jo så gjerne at dei skal bli fornøgde. Litt nervøs er eg alltid før eg skal fotografere eit brudepar, men det skal visstnok vere skjerpande (det var iallefall det vi vart fortalt på skulen). Det er ekstra nervepirrande når Yr melder lyn, torden og 26 mm nedbør akkurat den tida som var sett av til fotografering, og eg var ikkje mindre enn to turar til Jølster veka før bryllaupet. Mandagen la vi plan-A og fredagen la eg plan-B. Det vart ikkje utandørsfotografering, det måtte vi vel innsjå, men for å roe nervene måtte eg undersøke alternativa. På Ålhus ligg Eikaasgalleriet som husar kunsten til den kjende Jølster-kunstnaren Ludvig Eikaas, og dei var så søte og imøtekomande og sa at vi gjerne kunne ta bilda der hos dei. Vi tok først familiebilder under nokre tette tre utanfor galleriet, før vi gjekk inn i litt tørrare omgjevnader. Det var ei spennande avveksling å ta bilde innandørs. Vi fekk til og med bilde saman med Eikaas sitt mest kjende verk "Jeg", sjølv om det kanskje hadde passa bedre om det hadde stått "Vi" i dette tilfellet...

Nokre bilde fekk vi tatt ute då det omsider hadde regna frå seg. Jølstravatnet er med, sjølv om det er noko innhylla i skodde. Medan vi venta på kaffigjestane nytta vi også høvet til å ta nokre meir klassiske bilde i ein nydeleg hage like ved festlokalet. Så la eg omsider kameraet ifrå meg og lot jobb vere jobb. Eg måtte jo vere litt gjest også!

Takk for det ærefulle oppdraget vakre Anna Cecilie og alltid smilande Roger. Eg håpar de vert fornøgde.

Klem
Dagrun

















onsdag 7. august 2013

Vestlandssommar

Sjølv om det mest vanlege er at brudepara kjem til fotografering først etter at dei har vore i kyrkja, kan det av og til vere greit å gjere den unna før sjølve vigsla. Olaug Anette og Edson skulle i kyrkja klokka 15, og kvelden og tida saman med gjestane ville dermed blitt veldig kort om ein skulle ta bildene etter dette.

Det var likevel eit usedvanleg avslappa brudepar som kom til fotografering laurdag for halvannan veke sidan. Etter at buketten var pakka opp og knappholsblomstrane var festa på jakkene til brudgom og forlovar, fotograferte vi brudeparet saman med den søte sonen deira. Vi fekk tatt om lag 10 bilde, før vi høyrde ein mistenkeleg lyd komme nærare og nærare. Vi rakk om lag berre å rope "finn paraplyen!" før regnet bøtta ned slik det berre gjer om sommaren. Regn på bryllaupsdagen er ikkje noko uvanleg her på Vestlandet, men når brudeparet enno ikkje har vore i kyrkja er det greit å vere ekstra forsiktige med tanke på hår og klede. Medan det hølja som verst fann vi eit overbygg der vi kunne nytte tida til å få tatt nokre bilder mot ein røffare bakgrunn. Som det ofte er med sommarbyger så var den forbi like brått som den kom. Vi måtte unngå å trakke så mykje i det våte graset, men fekk likevel tatt mange varierte bilder av det fine paret. Og dét utan at brudeparet vart våte og flekkete til dei skulle i kyrkja!

Håpar de hadde ein strålande bryllaupsdag!

Beste helsing
Dagrun














fredag 2. august 2013

Ein solskinsdag

Det er sjølvsagt rift om dei mest populære laurdagane ein sommar, så vi blir veldig fornøgde når det er nokon som vel å legge bryllaupet sitt til ein tirsdag. Kva rolle spelar det eigentleg kva dag det er når dagen er midt i fellesferien, sola skin og gradestokken viser 27 svette varmegradar slik den gjorde tirsdag for snart 2 veker sidan? Eg hadde iallefall ingen problem med å ta meg 2 timar med utandørsfotografering på ein slik dag!

Katrine og Asbjørn har eg møtt tidlegare ettersom dei har vore hos meg og fotografert den søte guten sin ei tid tilbake. Det varmar eit fotografhjarte at dei kjem til meg også no når dei skal gifte seg, og eg takkar for tilliten! Først var eg med og fotograferte sjølve vigsla i Fjordane Tingrett. Med nokre og tredve gjestar, tvilar eg ikkje på at gradestokken viste nærmare tredve gradar i det lille rommet. Då var det godt å komme ut til ein liten bris, og det var ein munter gjeng som vart samla til gruppebildefotografering. Vi sendte så gjengen i forvegen tilbake til Høyanger, og eg, brudeparet og forlovarar hadde ein kjekk time med fotografering i skuggen.

Takk for denne gong, eg gler meg til å lage til det flotte albumet dykkar!

Beste helsing
Dagrun












torsdag 11. juli 2013

Pastelldraum

Laurdag 6. juli var Caroline og Kjell Ivar sin store dag. Eg har møtt dette trivelege paret nokre gongar før, sidan dei har vore hos meg i studioet med den vesle guten sin. Men denne dagen var det altså dei vaksne som var hovudfokuset, og Caroline (og Kjell Ivar?) har verkeleg sans for detaljar. Sist ho var hos meg prata vi om bryllaupa våre, sidan vi begge skulle gifte oss med ein god månads mellomrom. Vi hadde kvart vårt fargetema, og vi sleit begge med å finne blomster i den rette fargen (kven hadde trudd at dette skulle vere så vanskeleg?). Caroline leita etter mintgrønt, og eg tipsa ho om at eg hadde sett ein fin bukett på ei av mine timelange økter med surfing på diverse bryllaupsbloggar. Eg vart reint så stolt då ho stod der på bryllaupsdagen sin og takka meg for tipset, med ein pastellfarga bukett som var tydeleg inspirert av bildet eg hadde vist ho.

Brudeparet skulle vidare til feiring på Hotell Alexandra, men hadde god tid før middagen kom på bordet. Det passa bra, for både vær, brudepar og fotograf samarbeida godt denne dagen. Ein må jo berre la seg rive med når bruda har raudt hår i høysåte, kort kjole og mintgrøne sko! Og brudgommen var ikkje så verst han heller ;)

Takk for ei flott fotografering! Eg storkosa meg. God ferie/bryllaupsreise!

Beste helsing
Dagrun