søndag 24. april 2011

Endeleg vår!

Eg trudde nesten aldri vinteren skulle sleppe taket, men heilt plutseleg var våren her for fullt med sol, krokusar og blide menneske. Og når våren er her begynner Fotografane Reiakvam å sjå framover mot det vi har i vente til sommaren; bryllaupsesongen! Kalenderen vår begynner å fyllast opp med forventningsfulle par som vil at nettopp Fotografane Reiakvam skal forevige deira dag. Og vi gler oss så absolutt med dei! Det er eit stort ansvar å skulle vere den som blir sett ut til å bevare minnene frå bryllaupsdagen til eit brudepar, og det er eit ansvar vi aldri tek lett på. Dessutan er det noko magisk med å vere så heldig å få møte nye, lykkelege og forelska par kvar laurdag i 3 månader. Ikkje rart vi gler oss til sommaren!


I løpet av påska har eg tatt noko vi kallar ein før-bryllaupserie. Det vil sei at nokre månader før bryllaupsdagen møter vi brudeparet for ein prat og ein kort photosession. På den måten får vi ein følelse av kva ønskjer brudeparet har, vi får svart på spørsmål dei måtte ha og ikkje minst håpar vi at det bidreg til at brudeparet er tryggare på at vi er rette for jobben og difor får ein ting mindre å bekymre seg for før den store dagen.

Første par ut var Lene og Gunnar. Strengt tatt kjenner eg dei frå før, men no har eg også blitt kjent med dei gjennom linsa. Bryllaupet deira står i Fana kyrkje 9 juli og eg skal fotografere og vere gjest i bryllaupet deira. Eg gler meg som ein unge til begge delar! Så kjekt! Når vi først hadde muligheten valde vi oss den første fantastiske vårdagen i år. Når været er bra er både fotograf og brudepar glade!

Beste helsing
Dagrun







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar