søndag 24. april 2011

Hei og velkommen!

Velkommen kjære gjest som fann oss i mylderet av bloggar som finns der ute! Kanskje er du her fordi du er på leit etter ein fotograf som skal ta brudebileta dine, eller kanskje du er her fordi du har fått tips om at nokon du kjenner har vore hos oss, og at du no kan sniktitte på bileta vi har tatt av dei. Uansett årsak så håpar eg du finn noko du syns er interessant her på bloggen!

Fotografane Reiakvam er far og dotter. Olav vart fødd i 1949 og har arbeidd som fotograf sidan tidleg på 70-talet. Han har utdanninga si frå Harrow School of Photography i London og har brei erfaring som fotograf i Førde. Dagrun kom til verda i 1982 og har si utdanning frå Kent Institute of Art and Design i Storbritannia og ein bachelor i fotografi frå Kunsthøgskulen i Bergen. I tillegg er vi veldig stolte av å kunne seie at vi er 2 av 3 generasjonar fotografar. Butikken Reiakvam Foto vart starta i 1946, men Dagfinn Reiakvam begynte å fotografere allerede før krigen! Vi har difor eit enormt arkiv med bilete av folk og fe i Sogn og Fjordane langt tilbake på 30-talet.

I dag fotograferer vi alt ifrå hundar til babyar, brudepar, reklame, kunst og mykje mykje meir. Vi er begge glade i jobben vår og gler oss over å ha ein variert kvardag.

Du er hjarteleg velkommen til å snuse rundt her på bloggen, og du kan også ta ein titt på heimesida vår www.reiakvam.no. Elles så er det sjølvsagt berre hyggeleg om du tek turen innom oss i Hafstadvegen 15!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar