torsdag 28. april 2011

Love is in the air!

"Vi har vore ilag i mange år no, så det spørs om vi ser så forelska ut på bildene", lo den vordande bruda. Som du ser viste det seg fort å ikkje vere noko stort problem!

Eg møtte Janne og Andrè for ein før-bryllaupsserie den siste søndagen i påskeferien. Dei er heimehøyrande i Oslo, men var i Sunnfjord både for å feriere og ikkje minst for å få på plass detaljane for bryllaupet deira 11 juni. Og romantikk vert det i massevis! Vigsle i Hestad Kapell med påfølgjande feiring på Åmot Operagard i Bygstad. Det må vel seiast å vere den ultimate nasjonalromantiske ramma rundt den store dagen? Eg gler meg stort til å fotografere det nydelege paret igjen i full brudestas om ikkje så altfor lenge!

Beste helsing
Dagrun










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar