onsdag 11. mai 2011

Ein liten og søt ein

Å fotografere aldeles ferske verdsborgarar er noko heilt spesielt og veldig kjekt. Denne vesle guten er 1,5 veke, og mor og far Anna Cecilie og Roger er enno ikkje heilt sikre på kven denne karen eigentleg er og kva han heiter. Når ein skal fotografere så små babyar er det viktig å ta tida til hjelp. Syklusen mating-gulping-tissing-soving kan vere vanskeleg å bryte, og det vert gjerne litt av kvart når dei aller aller minste er på besøk i studioet vårt. Men alt dette er sjølvsagt heilt i orden når det er ein liten sjarmør som denne som styrer showet!

Vi fornyar oss og i tillegg til å kjøpe inn diverse korger og anna staffasje, har vi nettopp fått inn 4 nye bakgrunnar; blå, grå, sand og lilla. Det passa difor perfekt å få testa ut den babyblå bakgrunnen. No manglar vi berre ei nyfødd lita snuppe så vi får prøve ut den lavendelfarga bakgrunnen også!

Velkommen til verda!
Dagrun


Edit: Guten heiter altså Lukas!




3 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder av ein nydeleg liten kar. Dette var god reklame som fekk ei vordande mor til å tenke "egogvil!!!"

    SvarSlett
  2. Ja, Kristine, du vil og vi kan få det til! Berre å seie ifrå når vesle nurket har komt ut, så set vi opp ein time! Han her var 1,5 veker og det er sånn ca ganske passeleg ville eg seie. Mor må få komme seg på beina først også, det er viktig :)

    SvarSlett