lørdag 21. mai 2011

Gammal kjærleik rustar ikkje

I går fekk vi besøk av Ragnhild og Magne, eit hyggeleg ektepar ifrå Haukedalen. Dei lurte på om ikkje vi hadde tid til å ta eit lite portrett av dei to saman. Det hadde seg nemleg slik at dei to gifte seg 20 mai 1961 og hadde dermed 50års bryllaupsdag. Difor kom dei på den gode idèen om å komme innom Fotograf Reiakvam og ta eit portrett, på dagen 50 år etter at dei var her hos Dagfinn Reiakvam og fekk tatt brudebilete!

Romantikarar som vi er syns vi sjølvsagt dette var stor stas. Vi fann fram negativa frå bryllaupsfotograferinga ifrå arkivet og samanlikna med dei som Olav tok i 2011. Dei held seg godt dei to og vi ein kan lett kjenne att personane frå det 50 år gamle brudebilete. Vi håpar bilete frå 2011 også kjem på veggen ved sidan av bilete frå deira første besøk hos Fotograf Reiakvam.

Vi gratulerer så mykje med den store dagen og håpar de får ei fin feiring med barn og barnebarn!

Beste helsing
Dagrun



3 kommentarer: