torsdag 26. mai 2011

Reiakvam på museum!

Den siste tida har Olav jobba til langt på natt med siste innspurt fram imot utstillinga Auga som ser på Sunnfjord Museum i Movika. Det skal stillast ut bilete og gjenstandar i høve 100-års jubileumet til Sunnfjord Sogelag, og Dagfinn Reiakvam er ein av 4 fotografar som vert utstilt. Det er vi sjølvsagt veldig stolte over og vi gler oss til å sjå fotografia hans sett i samanheng med bileta til dei andre utstilte fotografane Olai Fauske, Anton Øygard og Oddleiv Apneseth.

Asbjørn Tyssen, konservator ved Sunnfjord Museum, skriv i katalogen for utstillinga at:
Eit kjenneteikn også ved ein fotograf som Reiakvam var at han i tillegg til å drive fotobutikk og oppdragsfotografering var opptatt av å dokumentere ulike hendingar i samtida. Det kunne vere alt frå dramatiske hendingar som brannar og flaum, til dokumentasjon av kvardagslivet i bygda. Reiakvam produserte også postkort for sal og var rekna som ein god naturfotograf.
På utstillinga kan du sjå gode dømer på min bestefar Dagfinn sin praksis, mellom anna det som er mitt favorittbilete: Flaumen på Vie i 1956. Til saman vert om lag 14 av bileta hans stilt ut, alle tekne i tida frå jula 1939 og fram mot 1960-talet. Utstillinga vert ståande fram til 31 august og vi håpar alle tek turen til vakre Movika i løpet av sommaren!

Opningstider: 
01.06 - 30.06 og 16.08 - 31.08:     kvardagar             10 - 16
                                                       laurdag - søndag   12 - 17
01.07 - 15.08:                                 kvardagar            10 - 18
                                                       laurdag - søndag   12 - 17

Engasjert helsing frå eit stolt barnebarn
Dagrun



1 kommentar:

  1. Denne utstillinga er verdt ein tur på Sunnfjord Museum.

    SvarSlett