mandag 9. mai 2011

Veslebror er komen!

Marita var så framsynt at då Olav kom til verda for 2,5 år sidan, ba ho meg om å fotografere han på ein tidlaus måte som gjorde at ho i framtida kunne få tatt liknande bilete av eventuelle søsken. Eg fotograferte Olav då han var 2 månader, med utgongspunkt i nokre bilete far min tok av meg og mine søsken då vi var små. Sjølv om desse bileta no er 30 år, er det ingen moteflausar eller mystiske pastellfarga bakgrunnar som røper alderen på bileta.

No er Olav blitt storebror til Lasse. Søskenlikheiten er absolutt til stades og Olav er veldig stolt storebror! Lasse er ein tolmodig liten kar og han lot meg fotografere han lenge medan mora var mest oppteken av å halde den aktive storebroren vekke frå kameralinsa. Eg fotograferte Lasse på ein svart bakgrunn med tanke på å lage bileta i svart-kvitt. Vi fekk tatt nokre bilete av dei to i lag også, men så ga Lasse klar beskjed om at "no er det nok!" Det vil seie at det var nok for denne gong, for Marita har planane klare og kjem tilbake med Lasse når han er eit år.

Beste helsing
Dagrun





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar