mandag 27. juni 2011

Mjuk start

Ei ny veke tek til og det passa fotografen ypperleg at veka starta roleg med ein fotodate med vesle Alvilde. Eg sette pris på ein mjuk start på veka med kos og pludring i studioet, akkurat som Alvilde såg ut til å trivast med ein mjuk start blant saueskinn og bamsar.

Sidan eg har treft denne vesle snuppa tidlegare visste eg at ho var av det snille slaget, men litt skrik og skrål høyrer alltid heime når ein har babybesøk i studioet. Det skal ikkje mykje til før desse aller minste merkar at det skjer noko litt utanom det vanlege, og det virkar som om dei oppfattar at mor kanskje er i overkant opptatt av at dei skal ete og sove. Men etter litt sovna ho søtt og viste at ho er nettopp mor si vesle prinsesse.

Berre 10 dagar gamal har nok Alvilde allerede rekt å sjarmere ganske mange, meg sjølv inkludert. Og sidan mor og far er gode vennar av meg, ser eg fram til å følgje ho i tida som kjem framover.
Vi snakkast snart vesla!

Klem
Dagrun











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar