mandag 11. juli 2011

Bergensbryllaup

Vi har tydelegvis (heldigvis!) nådd det som må kunne kallast gifteklar alder, og i år var eg og min kjære invitert i 2 bryllaup til vennar av oss. Forige helg var det mi venninne Ingvild som gifte seg med Nikolai i Solund medan det denne helga var ein kompis av sambuaren min som sa ja til si kjære.

Lene og Gunnar har vore saman i 11 år. Nokon kan kanskje hugse at eg tok ein før-bryllaupsserie av dei i påska. Saman har dei den 2 år gamle sjarmøren Didrik. Han strålte som ei sol både før og under vigsla i Fana Kirke. For det måtte bli Fana Kirke, det var eit kriterie stilt av bergensjenta Lene. Første delen av fotograferinga tok vi i parken ved Gamlehaugen, Kongeparet sin residens i Bergen. Her fekk vi fotografert brudeparet med forlovarar og den vesle brudesveinnen Didrik. Det vart dessverre litt knapt med tid før vigsla, så i ein pause i middagen fekk eg huka tak i brudeparet og dradd dei opp i ein bakke like ved festlokalet. Stemninga var noko heilt anna enn då eg fotograferte dei før sjølve vigsla, og både brud og brudgom såg ut til å vere letta over å ha sagt og fått "ja" og å ha haldt talane sine. Fotografen på si side var letta over å få tatt endå fleire fine bilder av det flotte paret. Det såg mørkt ut ei stund, for rett etter at vi hadde vore i kyrkja opna himmelen seg og det regna i bøtter og spann. Så dersom det betyr lykke å få regn i sløret, då må dette vere eit euforisk lykkeleg brudepar!

Gratulerer som mann og kone og takk for eit utruleg kjekt bryllaup! God tur til New York (heldiggrisane!)

Klem
Dagrun









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar