onsdag 20. juli 2011

Grenselaus kjærleik

Tida då ein fann seg ektemake på nabogarden er definitivt (heldigvis) forbi. Mariell og Rimon er eit godt døme på at kjærleiken ikkje kjenner grenser. Ho er ei ekte Førde-jente, medan han er ifrå Palestina. Dei har budd saman i Trondheim nokre år, men har nettopp flytt tilbake til Sunnfjord for å starte livet som ektepar saman her. Ho er utdanna kokk og han er konditor, og dei samarbeidde sjølvsagt difor om å lage si eiga bryllaupskake. Og det blir neppe den siste bryllaupskaka han lagar!

No om dagane er Mariell og Rimon på bryllaupsreise hos familien hans i Palestina. Det er garantert ein opplevelse for livet!

Kos dykk, så snakkast vi når de kjem heim :)
Dagrun









3 kommentarer:

  1. Mariell Skildheim22. juli 2011 kl. 23:19

    Så fine dei vart :) glede oss til å sjå resten :) Mariell&Rimon

    SvarSlett
  2. Kjempefine bilder! :)
    -Siri

    SvarSlett