onsdag 10. august 2011

Amerikabesøk

Som mange andre nordmenn har også familien Reiakvam mykje slekt i USA. Gjennom generasjonar har vi klart å halde kontakta, og i sommar fekk vi besøk av far sin tremening med kone og mine firmeningar og deira ektemenn. Det var stor stas og vi fekk verkeleg vist dei det fantastiske landet vårt! Dette var faktisk andre gongen eg traff Michelle, Angel, Laura og Tony i år, for eg og sambuaren min var på besøk til dei i Minneapolis i februar og vi har etter kvart blitt godt kjende. Det er kjekt at vi framleis klarar å halde kontakten sjølv om det er om lag 100 år og 4 generasjonar sidan deira forfedre forlot Førde.

Då Laura og Michelle var omlag 16 og 18 år gamle fekk dei tatt portrett i min og søstra mi sin bunad, og dei spurde difor pent om ikkje dei kunne få tatt eit nytt ettersom dei nok har forandra seg noko dei siste 10 åra. I tillegg til Olav sin bunad fekk vi lånt ein herrebunad slik at både Tony og Angel fekk kledd seg opp, til stor glede for koner og ikkje minst svigermor! Olav tok dei med seg på Sunnfjord Museum (sjølvsagt!) der han tok mange flotte bilder av dei fire iført dei flotte sunnfjordbunadane. Dette vert garantert eit minne for livet!

Takk for besøket, vi sjåast snart igjen!
Dagrun og Olav







2 kommentarer:

  1. Flotte fotos! Bunadsbilder kan også vere stas, sjølv om dei vanlegvis er ganske kjedelege. Men ikkje desse!

    SvarSlett
  2. Syns det er ganske interessant å sjå at trass i bunadar og museum kan ein framleis sjå at dei ikkje er norske...

    SvarSlett