onsdag 17. august 2011

Brudevals i sommarsol

Så var vi plutseleg midt i august og sommarferien er over for dei aller fleste. Tidlegare var juli høgsesong for brudepar, men vi er glade for å sjå at det no fordeler seg jamnare utover dei 3 sommarmånadane. Det er alltid trist å måtte seie at vi ikkje får tid til å fotografere eit brudepar som ønskjer at vi skal ta bildene på den store dagen deira. Då er det godt at folk ser ut til å ta i bruk også juni og august som bryllaupsmånader slik at vi får fotografert dei aller fleste som ønskjer oss. Dei mest populære dagane forsvinn framleis fort, og vi har allerede fleire bestillingar for neste sommar. Og sjølv om vi veit at det er travelt om sommarane gler vi oss alt til dei fotograferingane vi veit vi har i vente sommaren 2012!

Linda og Karsten gifte seg no i helga og dei var det vi må kunne kalle eit nyyydeleg par. Eg visste frå før av at Linda nok kom til å vere slåande vakker, for ho er eit år eldre enn meg og Førde-jente,så eg kjenner ho ifrå åra då vi gjekk på vidaregåande saman. Karsten derimot hadde eg ikkje treft før, og han viste seg å vere ein flott mann i staseleg bunad. Paret ønska seg bilder som ikkje var altfor oppstilte, så etter å ha tatt bilder med barn og hund var det tid for dansing, vandring og ikkje minst litt kyssing i skogen. Lyset var fantastisk denne dagen, og filtrert gjennom trea vart det mjukt og vakkert. Vi fekk nokre stemningsfulle bilder, og brudeparet såg ut til å klare å slappe av og nyte den siste timen før dei vart mann og kone. For rett etter bildetakinga bar det av stad til Førde kyrkje der spente venar og familie venta.

Så kjekt at de ville ha meg til å ta brudebildene dykkar. De var og er nydelege! Til lukke med livet saman, kvar de enn kjem til å ende opp... ;)

Dagrun


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar