torsdag 4. august 2011

Bryllaupssommarferie

Ingen blogging sidan 20 juli, kva har skjedd?! Jo, det er både ferieavvikling og travelt på same tid hos Reiakvam Foto. Bryllaupssommar og sommarferie går litt dårleg saman, men eg fekk bevilga meg sjølv ei veke ferie den siste veka i juli. Det var iallefall planen heilt til eg fekk telefon frå ei kjempehyggeleg vordande brud. Ho hadde sett og likt så mange bryllaupsbilder på bloggen vår og lurte på om eg hadde mulighet til å ta bilder av dei akkurat den veka. Svak som eg er for smiger så sa eg sjølvsagt ja, og det angra eg ikkje på!

Merethe og Roger har vore i lag ei god stund, lenge nok til å få tre søte små. Dei små var nok meir interesserte i å bade og leike i elva i det fine været, så vi fekk først tatt nokre familiebilete av dei fem, før dei minste fekk fri. Det pene paret og eg heldt fram med å fotografere og vi fekk tatt nokre nydelege bilete av dei to. Eg likar å skildre stilen min som "moderne, klassisk og romantisk". Det vil seie at eg syns det er viktig at lidenskapen og kjærleiken er til stades i bildene, men at dei også skal vere klassiske nok til å tåle tidens tann. Men samtidig skal eit brudebilete også vere moderne og seie noko om den tida det vart tatt. Dei fleste har nok sett bilete av besteforeldre eller liknande og kan skrive under på at biletspråket har forandra seg mykje sidan då, akkurat slik samlivsformene også har gjort. Merethe og Roger eit godt eksempel på kva eg syns er viktig i ei bryllaupsfotografering; etter 10 års samliv er kjærleiken dei har til kvarandre godt synleg i bileta! Eg håpar de får mange tiår saman framover og at lidenskapen held koken!

Takk for at de valde meg som bryllaupsfotograf. Eg storkosa meg!
Dagrun




















1 kommentar:

  1. Kjempefine bilete Dagrun! Du er så flink!
    Gratulerer til brudeparet. Merethe; du ser ut som ei filmstjerne! Nydelig :)

    SvarSlett