torsdag 25. august 2011

Dress og dongeri

Inni mellom alle brudepara fotograferer vi for tida stort sett barn og konfirmantar. Konfirmasjonen er ei fin anledning å få tatt bilder, og vi syns det er ekstra kjekt når ein i tillegg til å ta bilder i dress eller bunad også har med seg eit klesbyte med meir kvardagslege klede. Bunad og dress er stas, men vi merkar fort at konfirmantane nok er meir komfortable i dongeri og t-skjorte.

Daniel var innom oss for eit par veker sidan og fekk tatt sine portrett, og han og mor hans ønska bilder som ikkje var så altfor stive. Eit slikt ønskje er ikkje berre opp til fotografen, men kjem også an på personen ein skal ta bilder av. Heldigvis var Daniel ein laidback kar som takla både dress og dongeri, alvorleg og smilande. Bildene vart kjempefine og varierte, og Daniel, mor og far fann kvar sine forskjellige favorittar!

Takk for besøket og velkommen tilbake!

Dagrun







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar