tirsdag 23. august 2011

Regn i sløret

"Og så er det ei bru med ein slags tunell under der det renn ein bekk igjennom. Der kan vi godt tenke oss å ta bilder", sa bruda. Det viste seg å bli den tørraste staden vi kom til å fotografere.

Kirsti og Stian gifte seg i Bygstad kyrkje og festen etterpå stod på Nysna Gard. Vi fotograferte i området rundt heimen til brudgommen, og då vi var ferdige å fotografere brudeparet og sonen deira opna verkeleg alle sluser seg og det høljregna slik det berre gjer om sommaren. Men bruda hadde vore i Bergen og kjøpt ein nydeleg blondeparaply, og ho hadde dessutan støvlar med seg, så ho var godt førebudd. Og for eit sporty par eg hadde gleda av å fotografere! Det var vekeleg ingen sure miner, berre velvilje og store smil!


Vi fekk først tatt bilder i tunellen før vi traska oppover bøen og tok det obligatoriske bildet med Storehesten i bakgrunnen, om enn noko gøymt av dei tunge regnskyene. For slik er det vel når ein planlegg bryllaup på Vestlandet. Det er mykje ein kan organisere og detaljplanlegge, men været det blir som det blir. Det seiast at nokre dråpar i sløret bringer lukke. Då vert Kirsti og Stian mest sannsynleg heilt hysterisk lukkelege!

Håpar dagen vart eit minne for livet og at klea dykkar tørka opp i løpet av middagen ;)

Dagrun















1 kommentar:

  1. Nok ein gong nydelege bilete Dagrun! Og gratulerer så masse til det fine brudeparet!

    SvarSlett