fredag 9. september 2011

Bryllaupsalbum - Designalbum

Ein bryllaupssommar er på hell og forutan eit brudepar 24 september er alle fotograferingane no unnagjort. Men jobben er på ingen måte over!

Brudebildene våre presenterer vi i ulike albumvariantar som brudeparet sjølv vel eit av. Desse varierer frå det heilt enkle til spesialdesigna bildemontasjar eller graverte handlaga skinnalbum. Eit designalbum er utan passepartoutar og med laminerte spesialutforma sider. Etter fotograferinga designar eg kvar enkelt side med bilder i farge og svart kvitt. Dei vert så sendt til brudeparet for godkjenning, og så snart dei seier ok, set eg i gong sjølve produksjonen.

Her kan du bli med oss bakom kulissane og sjå korleis eit designalbum blir til:


Etter å ha printa ut kvar enkelt side vert dei varmlaminerte på 90 grader slik at bildene får ei beskyttande plasthinne på framsida. Litt pirkearbeid, men det vert SÅ mykje bedre!



Så vert kvar side kutta til i riktig storleik før det vert kleba fast på albumsidene. Aller helst utan luftbobler..



Bildene er designa til å gå over 2 motståande sider. Her ser du ei ferdig dobbelside.


Mykje fint å sjå på for den flotte paret Anne Gry og Joakim! (Du kan sjå bildene deira her på bloggen under tittelen "Nasjonal- og annan romantikk vol. 1")






Tam tam! Ferdig album med vindu på framsida. No gjenstår det berre å sende ut ein sms om at albumet er klart. Håpar dei vert fornøgde :)


Dagrun

2 kommentarer:

  1. Anne Gry & Joakim13. september 2011 kl. 22:59

    Tusen takk for eit fantastisk album og utrulig flotte bilder! Så kjekt å få sjå dei "bak kulissane" og! :)
    Vi er takknemlige for at du kunne vere der og dokumentere den store dagen vår og gjere den komplett!

    SvarSlett
  2. Så kjekt at de er fornøgde! Kjempehyggeleg med gode tilbakemeldingar. De var no så nydelege begge to, så noko anna enn flotte bilder var nesten umulig å ta ;) Vi snakkast nok snart igjen!

    SvarSlett