lørdag 17. september 2011

Fin familie

Etter å ha begynt dagen med å skrape frontruta for første gong i haust, var det ein verkeleg opptur å få besøk av ein kjempekjekk liten famlie! Vesle Alice kom på besøk til meg for første gong og ho hadde med seg mamma Randi og pappa Stian. Dei hadde planen klar, og ønska å få tatt bilder av dotra i bondepikedrakta Randi var fotografert i då ho var på Alice sin alder. Så var det eit skift med dongerikjole, Alice åleine og så med mor og far. Til slutt vart Alice fotografert naken og så med foreldre med bare skuldrar. Barn på Alice sin alder er heldigvis ganske medgjerlige, og berre dei får nok kos, mat og søvn så lar dei seg lett kle av og på nokre gongar. Men Alice må vel seiast å vere veldig snill og god som sjarmerte seg igjennom den travle timen, og det utan ei einaste tåre!

Det er slikt som gjer at ein får ein god start på dagen og gløymer hjartesukka når ein innser at 6 månader med kulde og vindusskraping er i vente..

God helg!
Dagrun






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar