mandag 5. september 2011

Kule karar

For nokre dagar sidan fekk eg besøk i studioet av tre tøffe brødre. Det vert ofte til at ein tek med seg barna til fotografen når dei er 1 år for så å ha eit avbrekk til dei er konfirmant. Men også tida i mellom 1 og 15 er verdt å ta vare på, noko desse kjekke karane er eit godt eksempel på! Mor ønska bilder av dei tre i lag, men også nærportrett av kvar enkelt. Vi prøvde å ta bilder av ein og ein både smilande og alvorlege, men det viste seg at det var vanskeleg å halde seg alvorleg foran kamera med 2 brødre som skjærer grimasar bak fotografen sin rygg!

Takk for besøket!
Dagrun




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar