tirsdag 25. oktober 2011

Eit godt dagsverk

Sidan eg jobba og brann for Operasjon Dagsverk i min karriere i distriktskomitéen på vidaregåande, ville eg at vår utsende frå Halbrend ungdomsskule skulle få ei kjekk avslutning på arbeidsdagen. Ingvild troppa opp på Reiakvam Foto kl 9. Ho vaska og støvsuga både i butikken og i studioet, handla inn og laga til lunsj og gjorde alt vi ba ho om. Og alt dette for berre 300kr! Pengane ho får i lønn går til lokale prosjekt i Rwanda gjennom Plan Norge (les meir her: www.od.no), og vi er glade for å bidra. Så ho ikkje skulle gå heim "tomhendt" herfrå, spanderte eg på ho ei minifotografering. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at ho er av det nokså iaugefallande slaget, så hadde eg hatt litt bedre tid kunne vi nok ha funne på mykje kjekt!

Det var kjekt å få gjere noko for OD igjen etter gammalt. Takk for i dag Ingvild! Du er nydeleg!

Dagrun




1 kommentar: