fredag 21. oktober 2011

Fantastisk fredagsfotografering

5 månader gamle babyar er vanlegvis ei sann fryd å fotografere, og Malin er eit godt døme på kor tillitsfulle og smørblide babyar kan vere i denne alderen. Ho hadde med seg både mamma og mormor på fotograferinga og skal sei vi var eit firkløver av fornøgde damer! Malin var eit einaste stort smil og ho såg ut til å storkose seg på saueskinnet. Saueskinn er vel forsåvidt ein foto-klisjé, men dei som har sett kva effekt det har på babyane å få ligge sprell nakne på eit mjukt skinn vil forstå kvifor det er ein klassikar!

Malin kjem att opptil fleire gongar den neste tida. Ho skal posere på sine eigne 1års-bilder og dessutan gjere ein gjesteopptreden på mamma og pappa sin bryllaupsdag til jonsok! Håpar at det gode humøret held seg fram til då :)

Vi sjåast snart!
Dagrun







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar