lørdag 15. oktober 2011

Kjekk tradisjon

Dagen etter at eg fotograferte Lasse, var det søskenebarnet hans Johan sin tur. Johan er 2 månader gammal og er vel for Oslo-gut å rekne, men sidan han no var heime hos bestemor i Førde la han også turen innom meg for å bli fotografert.

Sidan tante Marita har starta slik ein fin tradisjon med å fotografere sine 2 søner utan kle på svart bakgrunn då dei var 2 månader, bestemte mamma Elke seg for å gjere det samme. Slike kundar skulle vi gjerne hatt fleire av! Det er nok kjekt for familien å ha like bilder av alle barna frå same alderen. Dessuten skulle ein tru dei fleste julegåvene er så godt som i boks?

Takk for besøket og velkommen tilbake!
Dagrun










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar