fredag 24. februar 2012

Medan vi lengtar etter sommaren..

No har det vore stille på bloggen ei god stund, noko som har si natulege årsak i at eg har vore på "sommarferie". Om sommaren er det ikkje så enkelt for ein bryllaupsfotograf å ta seg fri over lengre periodar, så då vert det til at eg i staden reiser dit sommaren er midt på vinteren. Det er forøvrig ei god løysing å komme seg vekk ifrå vinteren og få lada batteria før våren kjem.

Men no er eg altså tilbake på jobb og kan med stor glede konstantere at vi har fått fleire bestillingar på bryllaupsfotograferingar til sommaren medan eg har vore vekkreist! Difor tenkte eg at eg skulle lage til ein aldri så liten kavalkade av mine favorittbrudebilder frå sommaren som var. Så kan vi alle drøyme oss vekk og lengte etter sommaren. Utifrå bildene å dømme var visst ikkje sommaren 2011 så hakkande gale værmessig likevel. Det er greit å ha evna til å gløyme det som har vore og vere naivt positiv til sommarværet 2012..spesielt om ein ser ut vindauget akkurat i dag.

Eg gler meg til sommaren allerede!

Dagrun













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar