mandag 16. april 2012

Ein ny vår!

På mange måtar er det ein ny vår på Reiakvam Foto om dagane. Ikkje berre er sola omsider tilbake i Hafstadvegen, men vi har også fornya oss og pussa opp butikken. "Fornya" kan ein kanskje seie, for vi har med vilje fokusert på å hente fram møblar og gjenstandar frå gamle dagar. Vi er stolte av å ha helde på i 66 år, og ei fornying utan å ta med oss det gamle ville ha vore unaturleg.



Vi har difor mellom anna funne fram kassedisken som stod i butikken på 50-talet, og sjølv om den nok har fått ein oppgradert utsjånad så har vi også fått plass til ei aldri så lita utstilling under glastoppen. Vi hadde behov for mykje meir oppbevaringsplass enn det var i kassedisken, så bak disken har vi ein skyvedørsgarderobe, sjølvsagt med bilder frå området rundt butikken på. Over disken heng min bestefar Dagfinn si mykje brukte studiolampe. Er den ikkje fin?








Ei anna endring i butikken er at vi har lyst å fokusere meir på fotograf-delen av Reiakvam Foto. Fag-avdelinga har difor fått meir plass og i tillegg har vi andre godbitar på lager for fotograferingskundane våre (dette kjem vi tilbake til seinare...når det er ferdig..)















Kameraskapet har vi plassbygd og det vart veldig flott! Ved sidan av desse har vi sjølvsagt 2 bildekioskar til bestilling av digitale bilder. Det blei kjempelekkert syns vi! Til opplysning har vi også bytta inngong, noko vi reknar med kan vere ei utfordring for somme å få med seg. Vi har prøvd å skilte med turkise lappar, og satsar på at det går bra ;) 

Noko anna vi har hatt lyst på lenge, men som har vore vanskeleg å få til, er eit arkivrom til alle dei verdifulle negativa våre. Så no har vi bygd oss eit rom med betong og gips i alle tak og veggar, og med branndør og heile pakka! Om det skulle begynne å brenne (bank i bordet) er no negativa tryggare enn nokon sinne tidlegare. Eg kan forsåvidt også nevne at dei digitale filene våre er litt lettare å bære med seg enn 9 kvadratmeter med negativ i konvoluttar. Så i tillegg til å ha filene lagra dobbelt opp på pcane våre, har vi sjølvsagt alle fotograferingane på eksterne harddiskar som vert oppbevarte utanfor butikken!

Vi håpar mange tek turen innom butikken vår i tida som kjem, enten for å handle, eller berre for å sjå. Velkommen skal de vere! 

Beste helsing
Dagrun

4 kommentarer:

  1. Takk skal de ha! Vi er veldig fornøgde og syns det er kjekt å ha gjort så store forandringar. Det trengst ein gang i blant. Ingvild: Er forresten bilde av eit utruleg pent brudepar med nokre ballongar i bakgrunnen i utstillingsvinduet... ;)

    SvarSlett
  2. ser flott ut :). Eg styrer også på med mitt heilt nye studio i Norheimsund :)

    Eric

    SvarSlett