torsdag 24. mai 2012

Kjekk ung mann

Før eg set i gong med ei fotografering spør eg alltid om kunden har nokre spesielle ønskjer og tankar i forhold til bakgrunn, klesskift og kombinasjonar barn/familie/søken. Foreldrene til vesle Even ville gjerne ha bilder av han åleine og saman med dei, og så ville dei gjerne ha farge på bakgrunnen. Det sistnevnte er slikt som får fotografen til å bli kjempeglad, for det har lenge vore ein trend med nøytrale bakgrunnar, og eg set stor pris på litt forandring! Eg hentar inspirasjon frå fotografar elles i Norge og frå utlandet, og tendensen er at ein no kan slå seg litt meir laus med bruk av farga bakgrunnar. Fotografi er som så mykje anna prega av trendane i samfunnet, og ein kan gjerne sjå på eit bilde og tidfeste det, både med tanke på klesmote og fotograferingsteknikkar. Det kan difor vere greit å kombinere med nokre bilder på nøytral bakgrunn, for det er vel gjerne litt meir tidlaust, sjølv om det strengt tatt er ein trend det også!

Even er ein tøffing frå Høyanger. Han ville helst prøve ut samtlege av rekvisittane i studioet mitt, så det blei bilder på gyngehest, stol og benk. I tillegg hadde mor og far med seg nokre eigne rekvisittar, mellom anna ei nydeleg korg som var brukt som julekorg og dermed såg splitter ny ut, trass i at den hadde vore i familien i hundre år. På slutten av timen dabba det gode humøret til Even litt av, så då var det på tide å få tatt bildene med mor og far. Det måtte litt ablegøyer til, men omsider smilte guten!

Takk for besøket og velkommen tilbake!

Dagrun










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar