mandag 21. mai 2012

Kjærleik i lufta

Jobbkvardagen til ein fotograf er veldig sesongbetont. Etter ein litt søvnig periode i februar-mars (med mindre ein finn på å pusse opp heile butikken sjølvsagt), brakar det laus med konfirmantar og brudepar i mai. Denne helga er den første helga vi har utandørs "sommar"-bryllaup, og etter dette går det slag i slag til september månad. Travelt? Jada. Verdt det? Absolutt! Vi er priviligerte at så mange ønskjer at vi skal fotografere dei på den store dagen deira, og vi er veldig takksame for at vi blir valde til denne viktige jobben.

Kjersti og Eigil vaks opp i kvar sin dal på kvar si side av ei rekkje med fjell. Hadde dette vore for 100 år sidan hadde sikkert Eigil gått over Trodalen frå Angedalen til Naustdal og funne sin utkåra der, men sanninga er nok muligens litt anleis. Bildene tok vi på Sanden i Naustdal, og jammen vart det ikkje sol og tendens til sommar! Brudeparet er av det sporty slaget, så dei ville gjerne springe på nokre bilder. Stranda tenkte vi var godt eigna til springing, men småstein viste seg å vere nokså vondt for dei uherda fotsålane til brudeparet. Eigil fekk til og med vassa litt, noko som på ingen måte vart gjort for å kjøle seg ned, men kun til ære for fotografen ;)

Håpar de hadde ein flott bryllaupsdag på laurdag. Til lukke med framtida!

Dagrun













3 kommentarer:

  1. Du er så flink, Dagrun! Og for eit flott brudepar! Gratulerer! :)

    SvarSlett
  2. Så kjekt med rosande ord Kristine! Flott brudepar + fint vær + Heilefjellet...må jo vere oppskrifta på suksess? ;)

    SvarSlett
  3. Vakre og personlige bilder. Flott!! - Yngve - Operagarden.no

    SvarSlett