onsdag 30. mai 2012

Konfirmanttid!

Eg brukar alltid å spørre før eg legg ut bilder på bloggen vår, men når det kjem til konfirmantar har eg forstått at det er MEIR enn kjærkomment at det blir lagt ut skikkelege fine bilder av dei på nettet. Det er med andre ord ein vinn-vinn situasjon, for eg får vise fram arbeidet mitt til fleire, og dei får dele med venar og kjende kor flotte dei er ;) Men det er travelt frå mai til langt ut i september, så eg ligg dessverre litt bak. Håpar dei blir glade no når bildene endeleg er på bloggen!

Linnea og Jo var her for ei vekes tid sidan og dei var begge utruleg kjekke og velvillige. Først tok vi dei obligatoriske bunadsbildene av konfirmanten, og ho smilte som berre det heile vegen! Eg masar om det ofte, men må berre få sagt endå ein gong at eg syns det er SÅ kjekt å få ta bilder av konfirmanten også i andre kle enn bunad. Det er mykje friare og vi treng ikkje å ta så mange omsyn til bunadsband, søljer, stakkar ol. Eg kjøpte meg ein pall/puff i haust, men hadde nesten gløymt at eg hadde den. Den passa perfekt til klea Linnea og lillebror Jo hadde på seg. Vi avslutta med nokre tøffe bilder av dei to ståande inntil studioveggen (min nye favorittbakgrunn!). Kanskje ikkje så naturleg, verken når det kjem til stillinga eller nærkontakten mellom dei to søskena, men velvillige som dei var så gjekk dei med på det og resultatet vart kjempetøft!

Kjekt med kjekke folk på besøk :)
Vi snakkast!

Dagrun










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar