torsdag 7. juni 2012

Årets konfirmant 2012!

Ida Marie er kåra til årets konfirmant her hos Reiakvam Foto! Vi gratulerer!

At eg er tante til konfirmanten er sjølvsagt heilt irrelevant for denne høgst objektive utnemninga.. ;) Ida Marie er ei vakker og hesteglad jente, som til tider er innom butikken for å hjelpe tanta med kjekke ting som å vaske golv og gå med posten. Det kjem godt med i travle tider! Denne gongen var det min tur til å gjengjelde tenesta med å ta portrett av den flotte jenta.

Det var lite som var overlete til tilfeldigheitane då vi skulle ta konfirmasjonsbildene til Ida Marie. Håret vart krølla og dandert av ei anna tante, fjordingen Vitjar vart lånt av ein snill hesteeigar og mor var med som assistent både for fotografen og konfirmanten. Været var nydeleg, og fotografen var supergira! Tida gjekk sjølvsagt ifrå oss, men så kan ein ikkje fotografere i all evigheit heller, for då blir det så vanskeleg å plukke ut bilde til å henge på veggen ;)

Gratulerer nok ein gong med overstått konfirmasjon! Du er nydeleg!

Klem frå
tante Dagrun










3 kommentarer:

  1. Flotte bilder !!!!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Konfirmanten seiast å vere godt nøgd også, og det er no det aller viktigaste :) Trur ikkje ho har noko å vere flau over om 5-10 år heller.. ;)

    SvarSlett
  3. Fantastisk nydlige bilder av ei flott jente :) Skjønna godt du e ei stolt tante :)

    Helsing Lisbet :)

    SvarSlett