lørdag 2. juni 2012

Bankande hjarte

Festplassen i Førde er ein flott plass å fotografere, og vi er der gjerne fleire gongar i løpet av ein sommar. Vanlegvis er det om å gjere å ikkje få med det store mursteinsbygget til Sparebanken i bakgrunnen. Marita og Torgeir derimot møttast på jobb i banken, og dei ønska difor at den skulle vere i bakgrunnen på nokre av bildene, noko eg syns var ei fin avveksling.

Vi starta med å fotografere barn og forlovarar saman med brudeparet, før vi så bevega oss bortover parken nærare bankbygget. Mange brudepar spør meg om eg kan ta bilder som ikkje er så oppstilte. Eg forklarar då at det kan eg sjølvsagt gjere, men det det kjem mest an på då er korleis brudeparet er foran kamera. Marita og Torgeir var verkeleg med på notane, og dei virka skikkeleg nyforelska!

Då vi nærma oss bankbygget fekk vi ein stor tilskodarskare som vinka og smilte til brudeparet inne frå kontora sine i banken. Giftarmålet til Marita og Torgeir må vel vere super reklame for framtidig tilsette? "Få deg jobb. Få deg ektemake!" ;)

Takk for ein super fotograferingsopplevelse!

Dagrun












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar