lørdag 23. juni 2012

Ein forsmak på sommaren vol 2.

Eg reknar det som forsommar heilt fram til jonsok og meiner difor at dei fine dagane vi har for tida berre er ein forsmak på det vi har i vente (ein må vere litt optimistisk!). Bra sommarvær er ikkje nødvendigvis bra fotograferingsvær, men sist laurdag var det bortimot perfekt vær til å fotografere eit nydeleg brudepar!

Silje og Atle har eg møtt tidlegare då dei var hos meg og fekk tatt før-bryllaupserie i vår. På laurdag som var gifte det vakre paret seg i Helgheim kyrkje, og vi fekk tatt bilder på kyrkjetrappa av det lukkelege paret med forlovarar og brudepike/sveinn. Difor var vi ferdige med gruppene allerede før vi køyrde frå Helgheim, noko som gjorde at stemninga var avslappa og vi kunne mellom anna legge inn eit stopp på Svidalsneset. Etter dette stoppet køyrde vi vidare til Mo Jordbruksskule og området rundt Huldefossen. Kyrne held seg heldigvis litt på avstand, så vi nytta høvet til å få tatt bilder også i den nydelege blomsterenga rundt fossen. Eg er kjempeglad i blomsterenger og er stygt redd for at det kan bli i overkant synleg på bloggen. Men kan ein egentlig få nok av blomster?

Tusen takk for nok ei kjekk fotograferingsoppleving! Håpar dagen var strålande, det var iallefall de :)

Dagrun











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar