fredag 29. juni 2012

Fy flate!

For ei helg! Både fredagens og laurdagens brudepar var fantastisk kjekke, noko som sørga for at eg var høgt oppe heile helga! ;)

Laurdag var det Elisabeth og Steinar sin store dag. Eg har sett fram til å fotografere Elisabeth som brud, ettersom ho er ei vakker og utruleg hyggeleg ung dame. Ho var her i sitt eige utdrikningslag  og vi fekk tatt eit fint gruppebilde av alle festdeltakarane. I tillegg var ho i studioet med veslejenta Malin då ho var eit halvt år. Bryllaup har det med å bli litt i overkant mykje for dei aller minste, men vi fekk dokumentert at både Malin og storebror Sander var til stades i bryllaupet. Vi brukar alltid å ta bilder med barna først, slik at dei kan få seg ein liten pause imens mor og far blir fotografert behørig. Då vert det dessutan lettare å konsentrere seg både for brudepar og for fotograf.

Vi tok først bilder av store og små  i studioet, før vi tok turen ut og fotograferte mykje meir. Klassiske studiobilder, natur og urban arkitektur...vi gjorde det meste! Når eit brudepar er så kjekke og ikkje minst med på moroa, så blir det fort til at fotografen tek i overkant mange bilder. Men når resultatet blir så bra, så får det heller vere at eg har laga ein del ekstraarbeid for meg sjølv. Det luktar utstillingsbilde lang veg! ;)

Fy flate for ei kjekk fotografering! No er det dykkar tur til å kose dykk med bildene.

Beste helsing
Dagrun















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar