onsdag 4. juli 2012

Helena + Erik = sant!

Dei siste sommarane har vennane mine for alvor slått seg på bryllaupsbølgja. Det gjer at eg er så heldig at eg ikkje berre får kose meg med bryllaupsfotografering av folk eg er glad i, men at eg i tillegg får delta på middagen etterpå!

Helena og Erik var i utgongspunktet vennar av min kjære, men eg har også fått gleda av å bli kjent med desse supre menneska.Uheldigvis var ikkje været heilt topp på lørdag, så vi tok ikkje sjansen på å dra med oss dei aller minste ut i regnet. Vi reiste først i studioet vårt og der fekk vi tatt nokre kjempefine bilder av den flotte familien, og nokre av brudeparet åleine. Sjølv om eg aller helst vil fotografere utandørs så langt det lar seg gjere, kan det ofte vere veldig kjekt å ha nokre standardbilder av brudeparet frå studio også!

Vi la så i veg imot Moskog. Vi fekk om lag ein god halv time å fotografere på før himmelen opna seg og det bøtta ned med store regndråpar. Bruda var godt skodd for dårleg vær og hadde fått lånt seg raude støvlar for anledninga. Desse kom godt med då ho skulle ut i det våte graset, men når det var like vått i lufta som på bakken var det like greit å legge inn årene og sette i gong festen ;)

Tusen takk for at de ville at eg skulle ta bildene av dykk på bryllaupsdagen dykkar! De var nydelege og dagen var kjempekjekk!

God tur til Santorini!
Klem
Dagrun













 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar