mandag 30. juli 2012

Jølstrabryllaup 2

Etter nokre helger med presteferie og dermed også bryllaupsfri, var det endeleg brudepar på timeplanen att! Første par ut på lørdag var Ann Jorunn og Tore, to kjekke Osloborgarar frå Harstad og Jølster. Og som eg sa til brudgommen: dette var mitt første flosshattbryllaup! Og sjansen til å få tatt nokre bilder med flosshatt på var eg ikkje villig til å la gå ifrå meg..

Vigsla var lagt til vakre Ålhus kyrkje, med påfølgjande festivitas på Mo Jordbruksskule. Vi tok difor brudebildene på Svidalsneset og ved festlokalet på Mo. Det var ikkje første og garantert ikkje siste gongen eg fotograferte på desse stadane, noko som kan vere både positivt og negativt. På den eine sida er det spennande med noko nytt, men samtidig så vert det aldri det samme som sist når ein har med andre menneske å gjere. Både Svidalsneset og Mo Jordbruksskule-området er stader der det er massevis av flotte bakgrunnar, landskap og bygningar, så av og til er det fint å berre gløyme kva ein har gjort tidlegare og finne opp kruttet på nytt. Og så har ein sjølvsagt også fordelen med at når ein har vore der før så veit ein kva som fungerer. Den vakre steinstien som går utover i vatnet på Svidalsneset for eksempel...vakkert!

Takk for ei flott fotograferingsoppleving! Eg har mange fleire bilder på lur ;)

Dagrun













1 kommentar: