lørdag 14. juli 2012

Sommarfin frøken

Vi hadde nokre fantastisk fine dagar i Førde sist veke, og på den aller finaste dagen hadde eg avtala utefotografering med Liv. Mor og bestemor var også med; mor for å halde Liv under oppsyn og bestemor for å halde reflektoren for fotografen. For det skal seiast at den aller finaste sommardagen så langt med 28 gradar og sol frå nesten skyfri himmel, er ikkje nødvendigvis det ideelle fotograferingsværet. Då treng vi nokon som lagar litt skugge for oss og då er ein assistent god å ha!

I forkant av fotograferinga hadde eg og mor til Liv avtala at vi skulle ta bilder i ei blomstereng. Liv har var her også i romjula, så denne gongen var dei klare for noko litt anleis. Vi avtala tid og stad, men då vi kom til blomsterenga mi, oppdaga vi at alle blomstrane var vekke! Kommunen hadde gått grundig til verks for å gjere Førde fint til den store Folkemusikkfestivalen, noko som sjølvsagt er flott for festivalen, men dårleg nytt for blomsterenga mi. Vi måtte klatre litt og leite litt, men vi fann oss ei eng til slutt. Eg storkosa meg med utandørsfotografering i det fine været, men det vart muligens litt i overkant mykje varme og kav for den vesle. Likevel fekk vi tatt (altfor) mange fine bilder av jenta. Mor hadde i tillegg tatt med seg ein blå ballong som passa den søte sommarkjolen perfekt. Nydeleg sommardag og nydeleg jente!

Takk for besøket igjen Liv! Du er no ei søt lita snelle :)
-Dagrun









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar