mandag 13. august 2012

Den store bryllaupslaurdagen 1

Eg har sett fram til laurdag 11 august med ei form for skrekkblanda fryd. Den dagen skulle eg ha 3 brudepar på rappen, i tillegg til eit slektstemne utpå kvelden. Riktignok tek ei bryllaupsfotografering berre 1-1,5 time, men denne tida skal eg ha full konsentrasjon, vere engasjert og kreativ og småprate med det lukkelege paret slik at dei er komfortable. Det er med andre ord mange ting som skal gjerast samtidig, så det er ikkje rart at ein blir rimeleg sliten på slutten av ein slik dag.

Laurdag 11 august var både eg og dei 3 brudepara mine superheldige med været. Det å fotografere i solskin er ekstra utfordrande teknisk sett, men samtidig så gjer det gode været at fargane i bildene blir så klare og fine. Brudeparet slappar gjerne godt av i tillegg, for då veit dei at gjestane deira nok kosar seg  i sola og at dei kan ta seg god tid med fotograferinga :)

Første par ut var Ingvild og Asbjørn. Dei nygifte var i godt humør og vi fekk tatt bilder av dei både i vakker natur og med rå betong som bakgrunn. Eg fekk dessutan eksperimentert litt med det sterke sollyset, og eg syns det er kjekt å variere litt med å også ta nokre bilder der brudeparet berre er ein liten del av bildet.  Då har brudeparet litt forskjellig å velje imellom, alt til sin bruk!

Håpar resten av dagen svara til forventingane. Vi snakkast når albumet dykkar er klart om ikkje så lenge!

Dagrun
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar