fredag 17. august 2012

Den store bryllaupslaurdagen 3

Siste par ut på laurdag var Marianne og Ole. Bruda er frå Førde, men måtte omvegen om Australia for å finne seg ein mann frå Stavanger. Dei er no busett i Oljebyen, men valde å gifte seg i bruda sin heimby. Det må vel seiast å vere ei god avgjerdsle, ettersom Førde viste seg frå si aller beste side denne dagen!

Vi tok brudebildene deira på Mo Jordbruksskule. Sjølv om eg har vore der opptil fleire gongar i år, er det framleis mange fine og nye stadar å fotografere der. Området er stort og velhalde, så eg har fleire potensielle fotograferingsstadar i bakhand. Det er uansett slik at sjølv om ein har fotografert ein stad tidlegare, så blir det aldri det same med ein anna værtype og eit nytt brudepar.

Under det store tuntreet fann vi ein fin skugge å fotografere brudeparet saman med brudepiker, brudesvein og forlovarar. Etter å ha fått dei andre av garde, tusla eg og brudeparet over til den brusande Huldefossen. Eg syns det er godt å vere berre meg og brudeparet når vi skal fotografere, for då er det ofte lettare å konsentrere seg både for brudepar og fotograf. Eg likar å omtale bryllaupsfotograferinga som "den einaste timen den dagen då de får vere berre dykk to"... Og så meg då, sjølvsagt ;)

Alle gode ting er tre! Tusen takk for ei super fotografering, eg kosa meg :)

Dagrun





















2 kommentarer:

  1. Superfine bilder av søster og svoger :)

    SvarSlett
  2. Marianne....the bride17. august 2012 kl. 21:36

    Flotte bilder, Dagrun! Tusen takk! Gle mg til å sjå albumet;)

    SvarSlett