torsdag 9. august 2012

Herleg bryllaupslaurdag 2

Min herlege bryllaupslaurdag heldt fram i Bygstad der eg fotograferte Maria og Even på deira store dag. Vi møttast ved Svesundet, og inni mellom alle laksefiskarane fotograferte eg både forlovarar og brudepar litt, før himmelen plutseleg opna seg. Regnet var heldigvis kortvarig, så forlovaren til Even rakk berre så vidt å hente ein paraply før det heile var over. Snakk om intensivt lykkebringande regn!

Bruda ville så gjerne ta bilder i ei blomstereng, og vi diskuterte fram og tilbake kvar vi eventuelt kunne klare å finne ei slik og kven som i så tilfelle eigde denne enga. Plutseleg innsåg eg at det var ei eng rett over vegen, så vi tusla over på andre sida og fekk tatt nokre nydelege bilder av dei to nygifte der. Medan vi fotograferte køyrde det både bilar og traktorar forbi. Den eine av traktorbøndene rista på hodet då han såg oss, noko som fekk fram smilet både hos brudepar og fotograf!

Siste post på min timeplan den dagen var å fotografere alle gjestane i bryllaupet. Feiringa skulle vere på vakre Åmot Operagard, så vi stilte opp på låvebrua og fekk eit flott gruppebilde av alle dei festkledde menneska. Eg har jobba mykje saman med favorittoperabøndene på Åmot, så for meg er det ekstra stor stas å fotografere bryllaup der! Det gjer eg gjerne igjen :)

Takk for ei super avslutning på ein flott dag!
Beste helsing
Dagrun

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar