tirsdag 7. august 2012

Herleg bryllaupslaurdag

Brudepar er verkeleg noko av det kjekkaste eg jobbar med, og ekstra gøy blir det når brudeparet er avslappa og klare for å få tatt nokre fine bilder! Laila og Yngve gifte seg i Førde kyrkje 4 august, og vi tok bildene før sjølve vigsla. Av og til kan både brudepar og forlovarar vere litt småstressa dersom dei enno ikkje har vore i kyrkja, men i deira tilfelle var stemninga upåklageleg! Dei hadde sett av god tid til fotograferinga slik at vi verkeleg fekk tatt mange ulike bilder. Aller først vart dei søte små foreviga, før dei så vart sendt i veg (framleis utan flekkar på klea!). Forlovarane fekk også vere med på fleire av bildene, både alle i lag og jenter og gutar kvar for seg.

Som sagt hadde brudeparet sett av god tid til fotografering, det vil seie at vi hadde om lag 1,5 time på oss til å få tatt alt vi skulle av portrett, grupper og så vidare. Likevel vert det alltid slik at tida går i frå ein, så sjølv om vi i utgongspunktet hadde rikeleg tid, kom nok ikkje brudgommen og forlovaren hans seg av gårde til kyrkja fullt så tidleg som det var tenkt. Då er det greit med eit brudepar som seier "Det skjer uansett ingenting før vi er der!"

Det var jammen kjekt å fotografere dykk og etter bildene å dømme så trur eg de også hadde det gøy ;)


Dagrun
 

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar