fredag 3. august 2012

Julibryllaup

Etter å ha fotografert brudepar på Mo, var det berre å kaste seg i bilen og køyre strake vegen til Bygstad kyrkje. Der traff eg det nygifte brudeparet Ingebjørg og Knut Erik. Sidan flotte Nysna gard ligg rett ved sidan av garden der brudgommen si slekt stammar frå, fekk vi låne området der til å ta brudebildene deira. Aller først fekk vi tatt familiebilder og forlovarbilder, før vi avslutta med å fotografere det vakre paret åleine. Utsikta frå Nysna gard var fantastisk, og med den majestetiske Storehesten i bakgrunnen er det ikkje rart brudgommen er stolt over kvar han kjem ifrå!

Etter å ha tatt portretta av dei nygifte bar det vidare til Sande Kro der selskapet skulle vere. Den siste tida har det vore fleire og fleire som ønskjer å ta gruppebilde av alle som er til stades ved bryllaupsmiddagen. I gamle dagar var dette nesten obligatorisk, og vi syns det er kjekt at folk begynner å få opp augene for kor fint det kan vere å ha eit slikt gruppebilde for framtida. Eit aldri så lite tips til våre framtidige brudepar der altså.. ;)

Takk for ei kjempekjekk fotografering!
Dagrun

















2 kommentarer:

  1. Kjempefine bilder av eit nydeleg brudepar☺
    Gleda meg til våre....☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Ja, no begynner det å nærme seg dykkar tur! Eg gler meg til å fotografere dykk på den store dagen :) Lykke til med siste innspurten! Vi snakkast vel gjerne i løpet av veka?

    Dagrun

    SvarSlett