torsdag 27. september 2012

Her er eg!

Dei siste vekene virkar det som om mange har komt tilbake til rutinene etter ferien, og det har vore bra med besøk i studioet vårt både av store og små. Det aller minste besøket vårt har vore fine Ingrid som var berre 5 veker gamal då ho var her. Vi kallar det vel likevel nyfødtfotografering, for ein kan ikkje nekte for at ho framleis er rimeleg fersk! Dersom ein vurderer å ta bilder av den nyankomne sovande, anbefalar vi at vi tek fotograferinga innan dei par første vekene. Dette er rett og slett fordi dei framleis søv mykje på den alderen, og fordi dei har dei nyfødte trekka intakte.

Ingrid var begynt å bli litt meir vaken, og soving er visst noko ein helst gjer heime (det er eg jo enig i forsåvidt...). Det var heldigvis ikkje så viktig for mor at ho skulle sove på bildene. Når vi i staden for soving fekk sjå nokre smil frå den vesle, så var det heilt i orden det også! Det at mor sin favorittfarge er lilla, passa veldig godt saman med det faktum at eg nettopp hadde laga til ein ny mønstrete bakgrunn med nettopp den fargen! Litt ekstra jobb er det med nyfødte, men eg håpar og trur det var verdt det ;)

Takk for besøket og velkommen igjen!

Dagrun












5 kommentarer:

  1. Fantastisk! Gler meg til å sjå albumen;-) tusen tusen takk:-)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du er fornøgd så langt! Albumet reknar eg med å få ferdig i morgon og der er det endå fleire bilder å velje mellom. Må sei eg likar veldig godt bildet ho gjespar på. Såg ut som om ho hadde det riktig så behageleg oppi baljen min :)

    SvarSlett
  3. Ja det var ein "goe" gjesp:-)
    Blir spennande å sjå resten ja! Sender du melding eller ringer når det er klart?
    Ha ei fin helg:-)

    SvarSlett
  4. Albumet er klart, men eg rakk ikkje å sende melding i dag. Du skal heller få ei melding i morgon også, men det er berre å hente det når du vil om du les dette i kveld :) Ope 09:30-14:00 på laurdagar!

    SvarSlett
  5. Henta albumet i dag:-) kjempe fint! Blir vanskeleg å berre velge eit bilde... Trur eg må ha fleire:-)
    Vi er i allefall strålande fornøgde med resultatet:-) tusen tusen takk!

    SvarSlett