fredag 14. september 2012

To er blitt tre

Det er ofte dei store hendingane i livet som gjer at ein går til fotografen, og noko av det eg syns er kjekkast er å følgje familiane "mine" frå år til år. Det er absolutt eit positivt teikn når kundane våre vel å komme tilbake til oss gong etter gong, og det er eg veldig takksam for!

Mariell og Rimon gifte seg i fjor sommar og eg var så heldig å få fotografere dei både i kyrkja og ein god time etterpå. Sist veke var dei innom meg i studioet, men no var to blitt til tre og vesle Nataniel var blitt familiens nye midtpunkt. Brudepar er ein ting, men når det kjem til små krabatar, er det ikkje like greit å sikre seg godt humør og velvilje! Dei måtte to turar innom studioet før vi fekk tatt bildene dei så gjerne ville ha. Slik er det inni mellom, og det er slettes ikkje sjeldan at kundar må komme tilbake og gjere eit nytt forsøk. Det er vanlegvis ikkje noko å angre på heller, ettersom det ofte viser seg at det som eventuelt plaga den vesle no er gått over, og alt er med eitt så mykje lettare!

Det vart mange fine bilder av dei tre til slutt og eg har litt problem med å bestemme meg for kva bilder eg likar best. Her har de iallefall eit lite knippe bilder medan de ventar på albumet dykkar.

Takk for at de valde meg til å vere dykkar fotograf igjen. Det set eg stor pris på! Gratulerer nok ein gong med den vesle. Han er ein storsjarmør allerede ;)

Beste helsing
Dagrun











1 kommentar: