fredag 23. november 2012

Fin Irmelin

Oi så fort eit år går! Plutseleg var det travel førjulstid, sjølv om eg føler at det nettopp var bryllaupssesong (det er dessutan fleire plussgradar ute. Julestemning? Ikkje så veldig!). Ein god indikasjon på at eit år går fort, er når ein får studiobesøk av eittåringar som var her som nyfødte før jul i fjor.. og det følast som om dei nettopp var her! Skal sei dei veks og forandrar seg, sjølv om ein ser tydeleg at dette er det samme lille mennesket som for eitt år sidan fekk plass oppi ei dukkevogge.

Fine Irmelin var på studiovisitt hos meg i helga og ho viste seg frå si aller beste side. Mamma Marianne hadde mange fine kle med seg til jenta si, men overlot resten til meg. Dermed vart det tatt bilder på litt ulike bakgrunnar og med diverse rekvisittar. Mellom anna fann eg fram ein gammal stol som på 1970-talet vart brukt då dei fotograferte brudepar her. Med mamma i beredskap rett ved sidan av stolen, sat Irmelin der som ei lita prinsesse på ei altfor stor trone! Litt "ekstremsport" lønnar seg når resultatet blir så bra :)

Lykke til med å plukke ut julegåvene. Det blir nok ei utfordring!

Klem
Dagrun









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar