søndag 18. november 2012

Meant to be

Bryllaup høyrer ikkje berre sommaren til, sjølv om det definitivt er høgsesongen. For nokre månader sidan kom ei vordande brud inn på butikken og spurde om eg hadde høve til å ta brudebildene deira på Åmot Operagard laurdag 10. november. Det er sjeldan eg må ta meg ein tenkepause når det kjem til bruyllaupsfotografering (og spesielt når det er på min favorittoperagard!), men akkurat den dagen var tilfeldigvis min 30-årsdag og feiringa mi var allerede under planlegging. Så etter å ha tenkt meg om ei veke, ringde eg ho og fortalde dei gode nyheitene om at eg gjerne ville ta bilder av dei den dagen. Då vart bruda veldig glad, for det viste seg at også ho hadde bursdag den dagen. Då var det vel "meant to be"? ;)

Astrid Mari og Håvar er absolutt meant to be! Dei gifta seg på Åmot Operagard, der dei hadde ein liten og intim bryllaupsfest saman med si næraste familie. Dei skal absolutt få feira ekteskapet sitt, for til sommaren er det nytt selskap på garden. På ein slik mørk og våt haustkveld vart det fotografering innandørs, noko som kan by på utfordringar. Eg var så heldig at min far tilbydde seg å vere med meg og assistere med blitzar og denslags som høyrer med når ein fotograferer i lite lys. Det var ein befrielse å ha med seg ein som har årevis med erfaring i faget, og saman fekk vi fanga både stemninga og kjærleiken mellom brud og brudgom.

Det er kjekt å vite at ein vert sett pris på, noko eg verkeleg gjorde då eg fekk både klemmar og ei flaske sprudlande av brudeparet! Tusen takk både for gode ord og for at vi fekk vere med dykk på den store dagen dykkar.


Beste helsing
Dagrun












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar