mandag 24. desember 2012

Ventetida er snart over...

No har julefreden senka seg over Reiakvam Foto. Etter ein dryg månad med intenst arbeid er korgene med ordrar tomme, og vi står rådville att og lurer på kva som eigentleg har skjedd. For det er ikkje til å stikke under ein stol at det kan vere i overkant hektisk i tida før jul! Dagane på jobb blir lange, samstundes som døgnet likevel ikkje har nok timar. Men etter mange år i bransjen er vi klare over korleis den siste tida før jul brukar å utarte seg. Ein kan strengt tatt ikkje klage, for alternativet er så mykje verre. Vi er glade for at vi har mykje å gjere!

Men nok om vår travle førjulstid! I begynnelsen av desember spurde mine gode vennar Lillian og Leif meg så fint om eg hadde muligheit til å ta bilder av dei to, og ikkje minst av den veksande magen til Lillian. Det er klart at ein ryddar timeplanen sin når desse flotte menneska spør om audiens! Både eg og dei gravide hadde lyst å ta utebilder, og i nokre solide minusgrader heiv vi oss rundt og tok massevis av stemningsfulle bilder av dei i det nydelege vinterværet. Etter at fotografen hadde fått frosten ut av fingrane, tok vi jentene nokre fine studiobilder av Lillian og magen. Dei som kjenner Lillian og Leif er nok einige med meg i at den vesle pjokken som er på veg er ein heldig liten kar. Ja, dei er faktisk noko heilt for seg sjølv desse to, og eg syns at bildene gjenspeglar kjærleiken dei har for kvarandre. Så medan vi andre ventar på julaftan, ventar Lillian og Leif i spenning på å treffe denne vesle karen som har meldt sin ankomst rundt 1 februar.

Tusen takk for oppdraget kjære flotte L & L! Eg gler meg til å bli kjent med junior :)

Og med desse stemningsfulle bildene vil vi på Reiakvam Foto ønske alle våre nye og gamle kundar ei fredleg juletid. Vi håpar å sjå dykk alle att i det nye året!

Julehelsing frå
 Dagrun, Aina, Bjarne og Olav.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar