fredag 18. januar 2013

1+1=3

Eg må innrømme at eg tenkte meg om nokre gongar før eg oppretta bloggen vår. At det er eit nyttig verkemiddel for å få vist fram bildene sine var eg klar over, men eg visste også at det kom til å bli tidkrevjande å halde bloggen oppdatert. For er det noko som er verre enn å ikkje ha blogg, så er det å ha ein utdatert blogg! Det er mykje arbeid å skrive og legge ut bilder jamnleg, og difor er det SÅ kjekt når det viser seg å bære frukter!

I vennegjengen min opplever eg eit aldri så lite (!) babyboom om dagane. Det har difor blitt eit par gravidfotograferingar før jul og det visast godt på blogg-statistikken at desse innlegga er populære. Det er ikkje berre mine næraste vennar som er i "lukkelege omstende" for tida. Petra og Magnus ventar sitt første barn i slutten av februar. Ho hadde sett bilder frå gravidfotograferingane på bloggen og hadde så lyst på slike av seg, mannen og den fine magen sin. Difor vart det full pakke med studiofotografering først og så ute i bitande kulde. Jammen er vi heldige med været i vinter, og eg har fått tatt mange utandørsfotograferingar i sol og fint vintervær. Hadde det berre vert sommar! Men eg håpar på at eg får sjansen til utandørs gravidfotografering også til sommaren. Gravide er vel folk året rundt? ;)

Takk for ein kjekk fotodate med mange fine idèar. Som sagt; vi satsar på at det blir ein gut, visst ikkje blir det svart/kvitt ;)


Dagrun

PS! Det er alltid kjekt å få kommentarar på innlegga mine, men det er litt lenge mellom kvar gong nokon skriv til meg her inne. Legg gjerne igjen ein liten beskjed om du føler for det, så blir eg veldig glad!














2 kommentarer:

  1. ..og kommentar skal du få. :)
    Utrolig fint med gravidbilder utenfor! Så ut som en perfekt vinterdag.

    SvarSlett
  2. Oi! Eg som ber om å få kommentarar på bloggen og så gløymer eg sjølv å sjekke om det kom nokon. Det gjekk meg hus forbi, men takk! Vi har hatt mange fine vinterdagar både før og etter jul og no er det jammen strålande sol ei heil veke til endes. Blir litt vel kaldt kanskje, men samtidig så er det utrulig vakkert. Gravidbilder er fint utendørs og eg satsar på å ta fleire av dei framover, og då ikkje berre om vinteren :)

    SvarSlett