onsdag 30. januar 2013

Kald vinter, varm kjærleik

Som sagt så har det vore litt for mange hastesaker til å prioritere bloggen før jul, men fotograferingar har det vore trufast heile vegen. Det har nok vore flest barne- og familiefotograferingar, men jammen har det vore nokre brudepar også inni mellom.

Katya og David kom innom på butikken i begynnelsen av november og ville slå av ein prat angåande bryllaupet deira som skulle stå 10. desember. Vi bladde i bryllaupsalbuma som ligg framme i butikken, og stoppa opp på nokre bilder av eit brudepar på ein snøfylt og vakker vinterdag. I desember kan ein komme borti mangt slags vær, men det er klart ein har lov til å håpe på sol og vinter. Så då dagen kom og været var heilt perfekt, var både brudepar og fotograf kjempefornøgde!

Aller først tok vi bilder under vigsla i Førde tingrett, før vi tok turen bort på Sunnfjord Hotell og tok gruppebilder av dei frammøtte. Katya kjem frå Russland og David frå Shetland (og møttast naturleg nok i Istanbul (!)), så bryllaupsgjestane kom langvegsfrå. Det blir sikkert lenge mellom kvar gong storfamilien møtast, så eit gruppebilde blir nok høgt verdsett! Men kva skal ein med strålande vintervær om ein ikkje tek utebilder? I -10 gradar og solskin tok vi eit knippe stemningsfulle bilder ute i kulda. Mellom fotograferings-øktene sette brudeparet seg i bilen for å få varmen i dei frosne kroppane sine, medan den (litt bedre kledde for kulda) fotografen la slagplanen for neste motiv. Det er ikkje alle som er så heldige å få tatt slike bryllaupsbilder, så då får det vel heller vere at alle tre var i ferd med å fryse av seg både fingrar og tær på slutten av seansen. Frysinga var midlertidig, men bildene varer evig. Eg veit at det var verdt det!

Thanks for the great experience!
Dagrun













And now a short summary in English for our international readers ;)
Last November Katya and David visited me at our shop to take a look at my weddingphotos as they were to get married on December 10th. They flipped through some albums of mine and came across a couple of weddingphotos I had taken on a crisp and beautiful winters day. We cannot expect weather like that here in Western Norway, but one can always hope! So when the day arrived and the sun was shining we were all very excited! After taking photos during the ceremony and of all the guests, the couple and I went off to have some pictures taken outside. In perfect winter weather and a cold -10 degrees outside, we got to take some beautiful photos of the happy couple. While I was getting ready for the next shot, Katya and David waited in the warm car and tried to defrost the bride's frozen toes. The cold toes and fingers are temporary, but the photos last forever. I know it was worth it!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar