mandag 14. januar 2013

Velkommen 2013!

Så er det vel kanskje på tide å vakne frå dvalen..? Når ein står på som ein gal i november og desember, vert ein naturleg nok litt slakk i begynnelsen av januar. Det må vel vere lov å ta det litt med ro dei første dagane, (meiner iallefall eg), men no er det på tide å henge i att! Det er lenge sidan forige blogginnlegg, men fotograferingar har vi hatt i massevis den siste tida så då må ein berre hive seg rundt!

Først ut er den fine guten David Johan. I begynnelsen var han litt småskeptisk til heile fotograferings-opplegget, noko eg har full forståing for. Studioet kan til tider vere litt mørkt og rart, så somme av dei små treng litt ekstra tid til å venne seg til situasjonen. Det er viktig å ta seg god tid til å prate med den lille og prøve seg forsiktig fram. Nokre triks har eg lært meg etter kvart, og etter kvart gløymde den vesle guten at han var litt skeptisk og vi fekk tatt mange fine bilder. Mammaen til Daniel Johan gav meg frie tøylar når det kom til bakgrunnar, så då vart det litt av kvart. Den marineblå bakgrunnen har eg hatt i eit halvt års tid, men eg har liksom gløymt han. Eg skal sjå om ikkje eg skal bruke den litt meir framover, for den var knallfin til ein liten tøffing i tversover og dongeribukse!


Beste helsing
Dagrun








 

2 kommentarer:

  1. Veldig fornøyd med bildene =) Men, han heter David Johan :)
    Hilsen mamma Nina

    SvarSlett
  2. Næmmen, huff då! Det var ikkje heilt bra! No har eg ordna opp i tabben ;) -Dagrun

    SvarSlett