fredag 8. februar 2013

Smil til fotografen!

Første gong eg møtte Sondre var då han var hos oss og skulle ta passbilde. På bilder som skal vere i pass skal barnet aller helst vere alvorleg og med munnen lukka, noko som var lettare sagt enn gjort i Sondre sitt tilfelle. Han smilte frå øyre til øyre, så vi tok sjansen på at politiet lot seg sjarmere og gje dispensasjon for reglane.. ;)

For om eit passbilde skal reflektere korleis eit menneske faktisk ser ut, så passar det godt å ha ein smilande gut i passet til Sondre! Han var ikkje mindre blid og god då han kom på studiobesøk hos meg, trass i at han visst ikkje var heilt 100% i form. Ein får jo ganske god sjølvtillit når alt ein finn på av rare lydar og grimasar ser ut til å gå rett heim hos den lille! I tillegg til dei gode smila hans fekk vi også nokre av dei alvorlege bildene som iallefall fotografen syns kan vere vel så vakre.

Gler meg til å bli sjarmert igjen på 1årsfotograferinga til sommaren!

Dagrun










3 kommentarer:

  1. Kjempe flotte bilder:) Likar den blå bakgrunne! Helsing stolt Sondre-mamma:)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du er fornøgd! Ein søt liten sjarmør det der :) Syns den blå bakgrunnen framheva dei fine augene hans. Eg har jo ein lyseblå bakgrunn også, men denne er litt tøffare og ikkje så baby-aktig. Fin til dongeri også. Vi får ha den i bakhand til eittårsfotograferinga om ikkje det skulle dukke opp litt sommarvær (men det gjer det jo!)

    SvarSlett