lørdag 16. februar 2013

Titt-tei!

Ein naturleg konsekvens av at det har vore fleire gravidfotograferingar i vinter, er at no kjem dei små babyane på nyfødtfotografering som perler på ei snor. Ein etter ein poppar dei ut, og dei er meir enn velkomne på audiens i studioet i Førde. Nyfødtfotografering er kjempestas, også for fotografen!

Lille Jørgen sneik i køen og vart født nokre veker før han eigentleg var venta. Han er ikkje store karen, sjølv om han faktisk er "heile" 3 veker gamal. Ei nyfødtfotografering bør ein helst ta innan barnet er 2 veker, men når ein gjer ein tidleg entré så har ein litt bedre tid på seg. Mamma Randi og pappa Jo fekk tatt gravidbilder av seg på seinhausten, og blogginnlegget eg laga frå den fotograferinga var det mest leste i 2012. Gratulerer! ;) Då eg snakka med Randi før dei kom på nyfødtfotograferinga, sa ho at det viktigaste var å få tatt bilder av dei store auga til Jørgen. Sovebilder var ikkje førsteprioritet. Men ho var redd han kom til å sove seg igjennom heile fotograferinga, for når ein er født litt tidleg så er ein ofte i overkant søvnig av seg. Heldigvis er Jørgen ein nysgjerrig liten pjokk, og det viste seg å ikkje vere noko problem å få fanga blikket til den nyankomne. Og for nokre auge han har! Han smelta eit fotografhjarte :)

Takk for besøket lille venn. Du blir heilt sikkert ein kjernekar! Gratulerer nok ein gong som nybakte foreldre Randi og Jo. Dette tek de på strak arm!

Klem
Dagrun


















1 kommentar:

  1. Næhmen...for ein fining! Gratulerer til foreldra! Kjempefine bilder Dagrun :)

    SvarSlett