fredag 14. juni 2013

Kom mai du skjønne milde

Så var det vel på tide å innsjå at mitt eige bryllaup ikkje lenger er det eg skal bruke mest energi på, for vi er tross alt så heldige at vi treff mange fine brudepar i løpet av eit år. Medan eg og mannen min var på bryllaupsreise fotograferte min far Olav eit flott brudepar på nydelege Jølster.

Mari og Odd Rune gifte seg i Helgheim kyrkje 25. mai. Dei var akkurat like heldige med været som vi var, men det er utruleg kor mykje naturen forandrar seg på ei veke med godt vær om våren. Helga før var det om lag berre bare kvistar på trea, og graset var stort sett gulbrunt. På 7 dagar hadde det spira og grodd, og vinteren var definitivt over (det snødde jo tidleg i mai...). Dermed kunne dei fotograferast under irrgrøne hengebjørker som gav ein sval og fin skugge for både brudepar og fotograf. Brudeparet bur på Vassenden og ville gjerne ha bilder med heimbygda i bakgrunnen, og i tillegg fekk dei tatt nokre bilder av den søte sonen deira utanfor kyrkja. Og så er det sjølvsagt mange fine bilder av dei lukkeleg gifte saman.

No gjenstår det berre for meg å lage til eit flott album til det hyggelege paret, og eg trur på ingen måte det blir vanskeleg å fylle opp sidene. Det er med andre ord mange fleire bilder å velje mellom enn dei de ser på bloggen.

Tusen takk for oppdraget og gratulerer som hr. og fru!

- Dagrun











2 kommentarer:

  1. Mari Stubhaug Håland19. juni 2013 kl. 21:43

    Tusen takk for flott fotografering! - Bilda var veldig fine!:) Gler oss til å sjå albumen også:)
    -Mari og Odd Rune-

    SvarSlett
  2. Litt treig med å svare, men eg har då altså jobba med mellom anna albumet dykkar ;) Trur det blir veldig fint! Takk for god tilbakemelding på bilda til pappa. De var nydelege! :)

    -Dagrun

    SvarSlett